Gratis klassebesøk av omsetjar
Fokus på oversett litteratur: Få ein omsetjar levert på klasseromsdøra - heilt gratis!
| I samarbeid med Norsk Oversetterforening kan me i år tilby gratis klassebesøk av ein skjønnlitterær omsetjar som er brukt i antologien. Det gjeld desse tre omsetjarane: Silje Beite Løken, Alexander Leborg og Hedda Vormeland. Tema og opplegg kjem sjølvsagt til i samråd med læraren, men omsetjarane har sjølve føreslått nokre tema (sjå under). Ikkje tru at omsetjarar berre kan snakke om språkrelaterte tema! Utman dei til dømes på sjangerforståing og kunnskap om forfattarskapet til forfattaren det gjeld.Samarbeid gjerne med andre lærarar på skulen din eller naboskulen. Me vil forsøkje å leggje opp til turnear heller enn enkeltbesøk sånn at omsetjarane ikkje brukar meir tid på reising enn på å møte elevar. Dei lærarane som koordinerer fleire besøk på same skule eller naboskule, får derfor forrang. Det vil også skulane i nærleiken av bustaden til omsetjaren det gjeld (står i parentes etter namnet).MEIR OM DEI 3 OMSETJARANE SOM SKAL UT I KLASSANE:
SILJE BEITE LØKEN (bustad: Stavanger) OBS Berre våren 2013 Silje Beite Løken (39 år), er omsetjar på fulltid. Ho set om bøker frå islandsk, svensk, dansk og engelsk til bokmål. Mellom anna har ho sett om fleire bøker av den kjende islandske krimforfattaren Arnaldur Indridason. Ho snakkar gjerne om:
ALEXANDER LEBORG (bustad: Oslo) Alexander Leborg (39 år), er omsetjar, og redaktør og forleggjar i forlaget Minuskel. Dette forlaget har spesialisert seg på omsett skjønnlitteratur og særleg teikneserieromanar. Han set om bøker frå fransk til bokmål. Han snakkar gjerne om:
HEDDA VORMELAND (bustad: Trondheim) Hedda Vormeland (35 år), er omsetjar, korrekturlesar og språkvaskar. Ho set om bøker frå nederlandsk og engelsk til bokmål. Ho snakkar gjerne om:
Ta godt imot rein tekst-omsetjarane! Hugs at dei ikkje er lærarutdanna eller særleg vane med elevkontakt. Derfor er det alltid lurt å snakke i lag før besøket: Kva forventningar har læraren til besøket? Kva forventningar har omsetjaren? Kor mykje stoff må omsetjaren førebu? Bør læraren og klassen førebu seg på noko spesielt før besøket – i tillegg til å lese utdraget i rein tekst? |
Warning: Uninitialized string offset 0 in /var/www/html/wp-includes/class-wp-query.php on line 3884