Hilde Kvalvaag: Lev vel, alle

FØR:

Klassesamtale.

Diskuter forventningane til utdraget.

Bruk ev. nokon av desse spørsmåla:

Teksten er merka som eksistensielt drama.

– Kva forstår de ved omgrepet eksistensielt?

– Veit de om andre bøker som passar til sjangeromgrepet eksistensielt drama?

Ifølge Anne Cathrine Straume, bokmelder i NRK, er Lev vel, alle «en suggererende roman om tilhørighet og frigjøring».

– Kva forstår de ved ein suggererande roman?

– I kva slags grad synest de tittelen passar til det temaparet som Straume trekker fram: tilhøyrsle og frigjering»?

– Korleis forstår de tittelen?

– Kva ser de på omslaget?

– Kva slags stemning synest de at biletet formidlar?

– Kva er det som får fram denne stemninga hos de?

Les ingressen.

– Kvifor trur de at Knut gjekk laus på den beste venen sin?

– Kvifor trur de at han stikk ut i Vancouver på natta, utan at mora får vite om det?

– Kva trur de teksten handlar om?

– Kva trur de at de kjem til å like og mislike?

 

UNDERVEGS:

Sitatlogg

Be elevane velje ein eller fleire samanhengande setningar som gjer inntrykk på dei. Det kan til dømes vere på grunn av at setningane:

– er vanskelege å forstå

– gjer inntrykk

– beskriv noko ekkelt

– er godt skrivne

 

 ETTER:

1. Leseoppleving og sitat i grupper

Gruppesamtale

La elevane sitte i grupper og snakke om den spontane leseopplevinga deira. Be elevane om å lese høgt eit eller fleire av dei sitata som dei har valt ut og å grunngi kvifor dei valde akkurat desse setningane.

2. Diskusjon i heil klasse

Klassesamtale

La først nokon av elevane lese høgt eit av sitata dei har valt ut og be dei om å grunngi valet.

Snakk deretter om utdraget ved å ta utgangspunkt i elevanes oppleving av teksten.

La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever dei at leseopplevinga deira vert høyrt og teke på alvor.

Bruk ev. nokon av desse spørsmåla:

– Kva slags inntrykk får de av Knut? Kjenner de dykk igjen i han? Fortel!

– Bekreftar inntrykket det de fekk etter å ha lese ingressen? Kvifor/kvifor ikkje?

– Kvifor trur de at han går midt på natta?

– Kvifor trur de at Knut tenker på Silja og Askil?

– Kva slags inntrykk får de av Vancouver?

– Korleis reagerer Knut når han møter høvesvis vatnet/naturen og byen?
– Kvifor trur de at møtet med den svoltne hunden gjer eit slikt stort inntrykk på Knut?

– Kva slags val er det han tek?

– Synest de Knut gjer gode val? Forklar.

– Kva ville de gjort om de hadde vore Knut?

Etter å ha lese utdraget, kan de med fordel ta opp igjen sjangeromgrepet eksistensielt drama.

– Synest de at denne merkelappen passer på utdraget? Kvifor/kvifor ikkje?

I bonussporet til utdraget frå Lev vel, alle vert det mellom anna vist til flanøren, ein karakter som vandrar rundt i byen utan mål og tek inn byen og menneskjene rundt seg. Les om flanøren i bonussporet og diskuter:

– I kva slags grad meiner de at Knut er ein flanør?

 

Skriveoppgaver:

1. Skriv teksten fra synsvinkelen til guten med hunden.

2. Sjå for deg at du vandrar/flanerer i ein stor stad på natta. Vel sjanger og skriv kva du opplever på turen din rundt i byen.

 

Forslag til kompetansemål:

-Lytte til og vise åpenhet for andres argumentasjon og bruke relevante og saklige argumenter i diskusjoner (VG1)

-Lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer (VG2)

-Lese et utvalg samtidstekster på bokmål og nynorsk og drøfte hvordan disse tekstene språklig og tematisk forholder seg til vår tid (VG3)