Erlend Kaasa: Livius
FØR:
13 stikkord
La elevane førestille seg kva som skjer i utdraget ut ifrå 13 stikkord.
(Ein kort introduksjon til denne aktiviteten finnes ca. 26 minutter ut i dette foredraget med Sture Nome, universitetslektor ved Universitetet i Stavanger.)
Her er eit forslag til 13 slike stikkord frå utdraget frå Livius:
Lam, leikeplassen, sersjanten, vindauget, hedónen, blodet, hentar, granatkastaren, slyngde, dekningseld, sprang, blokka, rifleskot
Be elevane om først å kategorisere stikkorda i tre kolonnar: personer, miljø, handling.
Ev. kan også kategoriane deles inn ytterlegare, f.eks. kan person-kategorien deles inn i subjekt, hjelper, motstandar eller liknande.
Elevane skal nå føreseie kva de trur utdraget handlar om ved å skrive en kort tekst.
Dersom du vurderer at utdraget kan bli ein utfordring for elevane, kan det vere ein fordel å lage ei liste med ord og omgrep som du trur kan vere vanskelege for (nokre av) elevane dine og dele ut lista til elevane. Orda kan stå aleine eller som del av dei setningane dei opptrer i. La elevane markere kva for ord dei er sikre på tydinga av, kva for ord dei trur dei kan og kva for ord dei eventuelt ikkje kan. La dei deretter gå rundt i klassen og samanlikne med dei andre. Klarar dei i fellesskap å finne ut tydinga til alle orda? Framlegg til kva ord det kan dreie seg om er (her vil det vere stor skilnad på bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar): ryggkvervlane, rørsla, byrja, augeblink, storleik, korgballnett, klinkbygde, borda, spanta, beingrinda, kalasjnikoven, rikosjetterte, andletet, sokk, kikre, hekk, beisla, rimemballerte, gnog, føremålslause, segla.
Det er også mogleg å be elevane finne til dømes 5 ord som dei ikkje forstår når dei les utdraget.
UNDERVEGS:
Elevane kan gjerne markere i teksten eller notere medan dei les.
– Setningar og formuleringar dei liker/ikkje liker.
– Spørsmål til teksten.
ETTER:
1. Umiddelbar reaksjon på utdraget
Klassesamtale
Snakk først litt om kva dei klarte å føreseie og kva som overraska dei i utdraget frå Livius.
Be også elevane ta opp ting dei lurte på medan dei las, slik at alle har ein umiddelbar forståing av kva teksten handlar om.
2. Vurdering
a. Personlig vurdering
Individuelt arbeid.
Be elevane ta stilling til utdraget:
Likte du utdraget? Kva er dei 3 viktigaste grunnene til at du liker/misliker teksten?
b. Finn argumenter
Arbeid i par
Del elevane inn i par. Be dei snakke samen i gruppa med utgangspunkt i vurdering og argumenter frå punktet over.
Elevane skal nå lage to lister: ein liste med argumenter for, og én liste med argumenter mot, til kvart av synspunkta.
Be også elevane diskutere kva for argument de synest er gode og grunngi kvifor.
Elevane skal deretter bruke disse argumenta. Først skal de argumentere for, og så skal de argumentere mot. Dette gjer de etter tur: Den eine argumenterer, mens den andre bare høyrer på.
c. Byt standpunkt
Grupper på fire
Nå skal para gå saman to og to (grupper på fire). I kvar av desse nye gruppene, skal to og to debattere mot kvarandre. Den eine gruppa skal argumentere for, og den andre gruppa skal argumentere mot. Etter fem minuttar skifter gruppene på kven som skal argumentere for og mot.
Når debatten er ferdig i gruppene, kan den fortsette i heil klasse. Streken kan brukest som ein måte å få fram og synliggjere ulike meiningar på.
d. Streken
Streken er ein metode for debatt i klasserommet. Føremålet med denne metoden er å få fram ulike meiningar og gode diskusjonar i klasserommet.
Marker ein strek i klasserommet med teip, bøker, ved å peike eller anna.
‘Streken’ skal fungere som en einig/ueinig-akse, og elevane skal i løpet av diskusjonen plassere seg i forhold til denne aksen. En person – til dømes læraren – set fram ulike påstandar i løpet av sekvensen. Elevane skal plassere seg umiddelbart på den eine eller andre sida, eller midt på. Deretter blir det opna for grunngjevingar og diskusjon, og elevane får høve til å flytte på seg kvar gang dei endrar synspunkt.
Det kan være ein god idé å starte med uskyldige påstandar slik at elevane får høve til å prøve å flytte på seg før dei større diskusjonane starter. Framlegg til oppvarmingsspørsmål:
– Eg bada i sommar
– Eg liker at sola skin
– Eg gler meg til vinteren
– Eg liker sushi
Dette er spørsmål der det vil være ei viss usemje – men lite sannsynleg at mange flytter seg i løpet av diskusjon. La den derfor vere kort. Sett deretter i gang med ein klassediskusjon på bakgrunn av utsegn frå den som leder diskusjonen.
Utsegna kan hentast frå eller basere seg på ei liste med argumenter frå gruppene dersom streken er forberedt med gruppearbeid (jf. opplegget over), men lærer kan også velje å forberede påstandar sjølv og/eller trekke ut påstandar frå diskusjonen etter kvart som den utviklar seg. Pass på at spørsmåla eller påstandane alltid er laga slik at alle alternativ er like riktige, det skal ikkje vere mogleg å velje «feil».
Deretter blir eit nytt synspunkt sette fram, og ein ny diskusjon begynner.
Viss mange av elevane plasserer seg på same side kan læraren trekke inn elevane i diskusjonen på følgjande måte: læraren ser at det er færre på den eine av sidene av streken og gir derfor ordet til eit par av dei elevane som er på den sida der det er færrast elever. Elevane skal grunngi kvifor dei er einige/ueinige.
Til slutt blir elevane oppfordra til å gi uttrykk for om de får lyst til å lese resten av boka? Kvifor/kvifor ikkje?
Send gjerne inn meiningane deira ved å klikke på boksen «Våre meiningar om utdraget» som finnes under utdraget når de logger dykk på nettsidene. Vi set stor pris på alle tilbakemeldingane og bruker bl.a. meiningane deira i arbeidet med å sette saman neste års antologi.
Opplegget over egner seg også som førebuing viss til arbeid med bokmeldingar.
Skriveoppgåver:
1. Les Livius og skriv ei bokmelding.
2. Skriv ein tekst der du diskuterer kva som er rett og kva som gale i ein krig.
3. Skriv vidare på utdraget. Kva skjer med Lam? Kva trur du skjer vidare? Klarar Lam å uskadeleggjere snikskyttaren?
Forslag til kompetansemål:
-Lytte til og vise åpenhet for andres argumentasjon og bruke relevante og saklige argumenter i diskusjoner (VG1)
-Lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer (VG2)
-Lese et utvalg samtidstekster på bokmål og nynorsk og drøfte hvordan disse tekstene språklig og tematisk forholder seg til vår tid (VG3)